Velkommen til ny utstilling i Harstad kunstforening.

Denne gang er det Kjellaug Hatlen Lunde som kommer i kunstforeninga for å vise frem sin kunst.

Åpning fredag 29. januar kl. 19:00, fri entré
Ellers åpent torsdag – søndag 11 – 15, entré kr. 50,-
Medlemmer og barn, fri entré.

Siste åpningsdag, søndag 14. januar.

Om utstillinga har kunstneren skrevet følgende:

Livs(G)lede

Ettersom ordet livslede har vist seg å vera temmeleg ukjent, er synonymer til både livslede og livsglede  den informative  – og tydelege – velkomsten i utstillinga som opnar siste helga i januar på Harstad Kunstforening. Kjellaug Hatlen Lunde stiller ut for andre gong i byen. Publikum vil kanskje kunna oppfatta resten av utstillinga noko meir kryptisk. I og med at biletspråket i større grad enn ord skal gi rom for fleirtydig tolking, blir ein dermed utfordra til å ta seg fram og leita etter meining, og kanskje leggja inn si eiga meining.

 

Ikkje det – biletkunst skal også kommunisera, og gjerne på fleire og andre plan enn det verbale.  Aller helst er det fint om det treffer noko i mottakaren i møte med seg sjølv, eller med ein tanke eller ei kjensle. Arbeidsprosessen gjennom året har vore sjølvreflekterande. Ikkje minst gjennom lesing av fleire kilo dagbøker, som også får ein sentral plass i galleriet. Derimot skal denne «knausen» av notatar gjennom tjue-tredve år ikkje vera ei utlevering av eige levd liv, inkludert medaktørar. Dagbøkene er pakka inn i plast og bearbeidde til eit nytt og skulpturelt uttrykk. Håpet er at publikum skal kunna relatera dette til sitt eige liv; som ei spegling for eigne refleksjonar.

 

Kva er då spørsmålet, eller problemstillinga?

I det sjølvkonstruerte ordet livs(G)lede, var målet at G-en skulle vera størst, på tross av at det ikkje var dette som kom først. Utgangspunktet var jakta på litteratur om livslede,  der Google i staden gav tusenvis av svar på livsglede. Berre ein eller to linkar var direkte treff på søkjeordet. Ikkje få gonger oppstod feiltolking av ordet, både i tekst og tale. Livslede, kva er det? Livsgleda vinn. Det er det folk kjenner til, og ikkje minst: det alle ønskjer seg! Tankane bak utstillinga er like mykje prega av kva som fjernar glede og livslyst i kvardagen, og kva kan ein gjera for å halda grepet. Kva gjer at  ein mister taket? Forventningar, lengslar, håp som svinn. Krav i dagens samfunn er skyhøge, og alt skal delast i sosiale medier.

 

Gledene. Bortsett frå å vita at eigne ungar har det bra, og det kjem faktisk først for dei fleste, er det ein viktig inspirasjon å kunna arbeida med kunst. Taktile gleder over fint papir og  handverksgrafikk, fysisk møte med materialar og skapingsprosessar i dette. Perler, fargar, meditasjon. Tid og rom for ettertanke, nærmast som eit kunst-kloster? Brokker av dette  er representert på utstillinga. Sirkelen som form går igjen i mange av bileta, som det har gjort dei tre-fire siste åra. Raudfargen, bloddråpen, livskrafta – det som er smått og usynleg,  sett opp mot det som er stort.

 

Hatlen Lunde starta opp for omlag sju år sidan, som først resulterte i ei separatutstilling  i Fårebygget på Borkenes i 2010. Grafikk og maleri i forholdsvis tradisjonell stil var utstilt den gongen. Utstillinga i kunstforeninga vil bli samanbunden av installasjonar i eit tydelegare konsept som har vore lagt til grunn gjennom heile prosessen frå start til slutt. Frå 1992 budde ho i Skånland og Harstad. I mellomtida har ho flytta til Tromsø der ho starta med grafikk, mellom anna på Kysthospitalet, og bur nå i Lofoten der ho har atelier og grafisk verkstad på Kunstkvarteret Lofoten nær Stamsund. Dette er hennar tiande separatutstilling.

 

Opning med ny musikk.

Publikum blir med dette invitert inn i eit rom der interaktiv deltaking er mogleg og ønskjeleg. Opningsdagen kan også gi ein god forsmak på Iliosfestivalen. Her kan ein få med seg urframføring av byens eigen Rune Larsen, utført på akkordeon med loop-pedal. Dette er eit spesialskrive stykke for temaet Livs(G)lede, med tittelen Lag-kake av komponist Lars Skoglund frå Hamarøy. Verket er i samtidsspråk, og notene blir å finna på vegg. Samarbeid og kunstnarleg rettleiing ved biletkunstnar Camilla Skadberg ligg i fundamentet for heile utstillinga.